MENY

  Startsiden
  Kommuner
  Kontakt oss
  Bedriftsalarm
  Boligalarm
  Brannvesen- Innlandet
  Galleri
  Lenker
  Nyhetsarkiv
  DSB Kartløsning
  DSB hjemmeside
  Kriseinfo.no
  Pris-regulativ
  Skjema for kunder
  Skjema for brannvesen
  DSB Rapport
  Motorola terminal tips
 
 

LITT INFORMASJON OM LESJA KOMMUNE

Adresse: Lesja kommune, 2665 Lesja
Tlf. sentralbord: 61 24 41 00
E-postadresse: postmottak@lesja.kommune.no
Nettsider: www.lesja.kommune.no
   

Informasjon om brannvesenet i Lesja:

Adresse: Lesja og Dovre brannvesen, Båtsto, 2662 Dovre
Tlf. sentralbord: 61 24 21 00
E-postadresse: age.tondevoldshagen@dovre.kommune.no
Nettsider: www.lesja.kommune.no/284.Lesja-og-Dovre-brann-og-feiervesen.html
Brannstasjoner: Stasjon B.1 - Lesjaskog, Stasjon B.2 - Dombås
   
Om brannvesenet:  
   

Lesja og Dovre brann- og feiervesen

Lesja og Dovre har felles brannvesen med brannstasjon på Lesjaskog og Dombås. Vi har to mann på vakt døgnet rundt og 25 mannskap på Lesjaskog og Dombås.

  • Varsling av brann skal skje til fagsentral brann på Lillehammer RING: 110
  • Lagring av brannfarlige- og eksplosive varer: søknad/melding skal sendes brannvesenet - søknadsskjema HR118
  • For å få selge fyrverkeri kreves tillatelse fra brannvesenet  - søknadsskjemaHR125
  • Kommunale avgifter

Lesja og Dovre har felles brannvesen. Vi har vi to brannstasjoner, på Lesjaskog og på Dombås. Vi har to mann på vakt døgnet rundt og 25 mannskap på Lesjaskog og Dombås. Vi sløkker brann, hjelper til ved ulykker og akutt forureining. Brannvesenet fører tilsyn med at brannsikkerheita er tilstrekkeleg etter lova i om lag 40 særskilde brannobjekt (sjukeheim, hotell, skolar, barnehager, forsamlingslokaler, industri m.v.) i kommunen. Midlertidig overnatting i skular og liknande skal meldast til brannsjefen.

Feiing: Piper og eldstader skal feiast etter behov, minimum kvart 4.år. Ved behov for ekstra feiing, skal feiaren kontaktast. Etter avtale kan feiaren sjølv reise stigen. Vi kan ta ut sot dersom huseigar er heime og ynskjer det. Dersom huseigaren er borte, må han sjølv ta ut sota etter feiinga. Feieren gjev råd om riktig fyring og fyringsproblemer.

Arbeidet til feiaren er todelt :

- tradisjonell feiing av piper

- tilsyn med heile fyringsanlegget

Eigaren sitt ansvar :

- vedlikehald

- tilgang for feier til fyringsanlegg

Ein bustadeigar kan kreve fritak for avgift dersom eldstaden er fråkopla og røykinnføringsholet er attmura. Eldstaden kan plomberast av feiaren.

Beredskap - akutte hendingar:

Ved brann ring 110. 

Ved arbeidsulykker og trafikkulykker, ring 113 (akutt-medisinsk).

Ved ras, oversvømming og liknande, som medfører fare for omgjevnadane, ring 112 (politi).

Ved akutt forurensning (miljøskadelige, giftige, helsefarlige, brann- eller eksplosjonsfarlige stoffer), ring 110 (fagsentral brann).

Fagsentralene 110, 112 og 113 har kontakt seg imellom og vil formidle varsel videre til dei andre fagsentralene.

Plikter som huseigar: Huseigars plikter er å bygge, utstyre og vedlikehalde bygningen i samsvar med gjeldende lover og forskrifter.  Røykvarslar og brannslokkingsutstyr skal til kvar tid vere intakt. Lagring av brannfarlige- og eksplosive varer Lagring av meir enn fylgjande kvantum skal meldast/søkast til brannvesenet: · 55 liter brannfarlig gass til koking, belysning eller lignande (ikkje på loft eller kjeller) · 5 liter a-væske, for eksempel bensin, i ei bueining. · 50 liter B-væske, for eksempel white-spirit · 200 liter C-væske, for eksempel diesel, fyringsolje, parafin

Bålbrenning: Det er i tida 15. april 15. september ikkje tillatt å gjera opp eld i eller i nærleiken av skogsmark. Bråtebrenning og halmbrenning bør unngåast av helsemessige årsaker. For å unngå utrykning, bør brannvesenet varslast før du tenner bål.

Informasjonstiltak: Informasjon, rettleiing og undervisning overfor organisasjoner, bedrifter, skoler m.v. er ei av oppgavene til brannvesenet. Brannvesenet kan også gje råd om korleis brannøvingar skal arrangerast. Brannvesenet arrangerer enkelte år kurs for brannvernleiarar. Når det gjeld spørsmål om branntekniske forhold ved bygging av hus eller installering av piper, eldstader og fyringsanlegg, kan både brann- og feiervesenet og bygningsvesenet gje vegleiing og informasjon av generell art.  Slike arbeid krev byggemelding d.v.s. prosjekteringen og skal utføres av godkjent aktør. Sjå søknadsskjema. 

Fyrverkeri handelsløyve: Brannsjefen kan gje løyve til handel av pyroteknisk vare eller fyrverkeri i Lesja og Dovre. Søknad om løyve skal sendast på eige skjema som er utarbeidd av Norsk pyroteknisk forening og Direktoratet for Brann og Eksplosjonsvern. Søknad skal sendast brannsjefen innan ein gjeven frist. Lovgrunnlag for brann- og feiarvesenet: Brann- og eksplosjonsvernloven med tilhøyrande forskrifter.